lørdag 16. februar 2008

Little Old Lady / kjerring

Another post in Norwegian, determining whether I am a Little Old Lady. I'm not sure if our Saturday brekfast pictured above is urban or oldie...

Her er iallfall Kjerring-testen. Eg går laus på den med bange aningar. Eg fann den hjå Haustljos som er ei oppegåande dame med bein i nasen som skriv på nynorsk. Reglane er iallfall slik at dersom ein får meir enn fem ja-svar er ein i faresona for å vera kjerring. Ti ja-svar syner at ein er ei skikkeleg kjerring og tjue tyder på at ein burde vera på gamleheimen. Spanande! Så no får me sjå:

Du bruker meir penger i veka enn i helgene:
Som du sikkert har sett her er eg ikkje så flink til lata vera å handla ting. Og det er fleire dagar i veka enn i helga. Ergo: JA

Du har duk og blomsterpotte på TV-en:
Nei, me har flatskjerm. Den er forresten lånt.

Du rydder jamnleg i djupfrysaren:
Nei, me eg veit sånn nogonlunde kva eg har der. Har berre sånn frysar under kjøleskåpet så den er jo ikkje så stor.

Du synes det kunne vært gøy å prøve “ein sånn hurtigvin”:
He he. Nei. Verkeleg ikkje. Drikk ikkje opp vinen eg kjøper på polet ein gong.

Du veit kva du skal ha til middag på søndag allereie på onsdag:
Aldri. Dersom eg har bestemt det og handla det eg treng på laurdag synes eg at eg har vore flink.

Du syns fersk gjær er betre enn tørr gjær:
JA. Eller. Eg har høyrt at det er det.

Du synes middag kl 19.00 er seint:
Nei. Eg synes middag klokka 19:00 er tidleg.

Du har fem kasser med julepynt:
Nei. Eg har ein.

Du kjøper julepynt på salg i januar:
Nei. Eg kjøper alt mogleg anna på sal i januar.

Du snakker helst med kvinner på fest:
Nei. Eg skjønar meg ikkje heilt på kvinner. Alle venninnene mine har flest gute-vener. Slik som eg. Eg har med andre ord ikkje veldig mange venninner. Men dei eg har er gode!

Du blir lykkelig over ein ny kjele:
JA. Eg ynskjer meg ny kjele. Men eg treng det ikkje. Eg blir lukkeleg av alt nytt, forbrukar-monster som eg er.

Du lager pudding eller grateng av alle middagsrester:
Nei.

Du spiser Kongen av Danmark eller Honningkamfer:
Nei.

Du et alltid rekecocktail til forrett:
Kva er det?

Du begynner å bruke de broderte dukane som du har fått av svigermor:
JA. Eller - arva dukar frå eks-sviger-mormor. Sjå bilete øverst.

Du har ferdiglaga middager med på påskeferie:
Gjeld Real Turmat? Reknar eigentleg ikkje med det.

Du synes dronning Sonja har mange artige hatter:
Nei. Men ho har mange hattar, har eg inntrykk av.

Du går med lysebrune nylonstrømper til skjørt:
Nei. Eg har mørkebrun strømpebukse og DET er vel skikkeleg kjerringete? Så JA. Eller forresten; nei.

Du har tellekant på trusene:
HA Ha Ha!

Du har bretta plastposar i veska i tilfelle du skal handle noko:
Eg har BAGGU! Ulempen er at det blir voldsomt få søpleposar i huset etter kvart. Så JA.




Du sjekker kølappen på polet kvar gong det plinger:
Nesten. Men ikkje heilt.

Du tar bilde av din praktfulle balkongkasse og viser det fram på jobben:
Eg har ikkje balkongkasse. Blomstene mine dør som oftast.

Du synes det er for seint å gå på nier’n på kino:
JA. Men eg gjer det nokon gonger likevel.

Du får såpe i julegave:
Nei. Eg fekk skihjelm.

Du plukkar bort støv og hår frå andre sine klede utan baktanker:
JA. Eg plukkar på folk og. Stakkars Draumeprinsen. Han påstår at han er vant til det.

Du bruker samme tepose to gonger:
Nei.

Du har med pute når du skal kjøre langt i bil:
Eg hadde det ved ein anledning. Men kollegaen min beholdt den fordi han har vond rygg. Gjer det HAN til ei kjerring?

Du melder deg inn i bokklubben berre for å få kaffeserviset:
Nei. Eg meldte meg inn i sminkeklubb då eg var 12 for å få eit slikt skrin. Eg trur det ligg heime hjå foreldra mine fortsatt.

Du har våtservietter i bilen:
Nei.

Du soler deg i vanlig BH:
Sjeldan eg solar meg. Alt for sjeldan. Men det har hendt at eg har klatra i vanleg BH. Så JA, vil eg anta.

Du danser swing til all slags musikk:
He he. Eg kunne gjort det sidan eg kan å danse swing. Litt. Men eg gjer det ikkje.

Du svømmer som en hund for ikke å bli våt i håret:
HE he. Nei.

Du kjøper “gode” sko:
Eg tenkjer at eg burde gjera det. Men eg gjer det ikkje. Eg berre seier til meg sjølv at skoa eg har lyst på er fornuftige.

Du har paraply i håndvesken:
Nei.

Du tar sjølv initiativ til slektsstevne:
Nei.

Du tar vare på tomme rømmebokser og syltetøyglass:
Nei. Eg tek vare på syltetøyglas men det er for å levere dei til attvinning. Dei har ein tendens til å bli mange før den tid.

Du bruker sukkerbit til kaffen :
Nei.

Du serverer fyrstekake, rullekake, smurt lefse eller smultringer når du inviterer til kaffeselskap: Nei. Eg bakar kake dersom me har invitert til bursdagsselskap. Men ein må jo ha kake på bursdagen!

Åtte ja! Med andre ord i faresona. Det blir nok verre med åra. Eg føler at eg er kjerring med twist!

Draumeprinsen fekk fem. Han synes kino klokka ni er seint, at Dronning Sonja har mange artige hattar og at fersk gjær er best. Han snakkar helst med kvinner på fest og brukar meir pengar i veka enn i helgane.

2 kommentarer:

Avil sa...

Berre tre kjerringpoeng som skiller deg og Draumeprinsen. Det lovar godt. Takk for besøk på blåggen!

Snow Queen sa...

He he. Godt poeng. Og takk for fin test!